post icon

Langpermisjon i bilete

I førre veke og litt før det hadde eg langpermisjon på Sjernarøy. Her er nokre av bileta eg tok.
20100508153535_Stian Seland
Lillebroren til Liv har fått hund, Sirius, som er eit utruleg sjarmtroll. Eg har aldri hatt noko særleg forhold til hund, men denne karen her var veldig morosam å gå tur med og dressere.

20100508154949_Stian Seland
Liv og eg skulle pynte bordet til lillebrorkonfirmasjonen, og plukka ein god del av all denne kvitveisen, som det var mykje av.

20100509120940_Stian Seland
Konfirmantane på veg inn i Sjernarøy kyrkje (på Kyrkjøy).

20100509130608_Stian Seland
I finkleda utanfor kyrkja etter konfirmasjonen.

20100509164716_Stian Seland 2
Hoppande glad familie på konfirmasjonsfesten.

20100511103906_Stian Seland
Medan eg var på Sjernarøy vart nye Sjernarøybrua opna, med masse folk og musikk.

20100511105037_Stian Seland
Bruopning er inga lita hending, og alle som hadde høve møtte opp for den offisielle opninga.

20100511112951_Stian Seland
Det einaste korpset i kommunen spelte sjølvsagt, med fire frå familien eg budde hjå innvolvert.

20100511123009_Stian Seland
Den nye brua, som gjer at no har seks av sju øyer på Sjernarøy bruforbinding.

Ingen kommentarar enno.

Leave a comment

Skriv ein kommentar