Snart er det berre eit tidsspørsmål før nokon sentralt i SOS rasisme / Tjen folket finn ut at det er på tide å leggje korta på bordet.
Misforstått av Dagsavisen
Eg er veldig glad i Dagsavisen. Spesielt likar eg å like dei politiske kommentarane til sjefsredaktør Arne Strand. Difor var eg veldig glad då Dagsavisen for ei stund attende kom med nye nettsider, som blant anna ga deg RSS-straum for enkeltforfattarar.
Men diverre er det slik at artiklar som dette har dukka opp i RSS-lesaren min i det siste. Artiklar som reklamerer for korleis du kan lese dagens leiarteig og hovudkommentator i papirutgåva av Dagsavisen.
Dagsavisen er ein so liten avis, at dei ikkje kjem i nærleiken av å matche til dømes Aftenposten.no som nyhendenettstad. Difor bør dei køyre ut på nett det dei har av godt innhald Og ikkje prøve å bruke nett til å selje fleire papirutgåver. Det fungerer berre ikkje.
Oslo trekker seg fra e-valg-forsøket
Oslo kommune trekk seg frå e-valforsøket. Dei borgarlege partia har kanskje forstått at alkoholpolitikken deira er heilt bak mål?
Norsk distriktspolitikk på det beste
I førre veke var eg hjå familien til kjærasten min på Sjernarøy, som er ei øygruppe i Rogaland beståande av sju øyer. Medan eg var der vart Sjernarøybrua opna med stort ståhei. Brua gjer at no har seks av sju øyer bruforbinding med kvarandre. Prosjektet var finansiert utelukkande med fylkeskommunale middel og hadde ein prislapp på 150 millionar kroner. Det er ikkje tvil om at den nye brua vil ha stor betydning for den lille øygruppa.
I går var eg på møte med Kreativ strek i Fagernes, på vegne av Juvente. For å spare tid, og slippe å sitje på buss tri timar kvar veg, tok eg fly frå Gardermoen til Fagernes lufthavn. Det viste seg at eg var den einaste passasjeren. På flyet var det berre to pilotar, ei flyvertinne og meg. Turen tok 25 minutt, og på lufthaven i Fagernes (som dei lokale kallar “himmelske freds plass”) venta “flybussen” på meg, ein taxi. Både flybilletten og taxituren kosta langt under det som kan vere kostpris.
Noreg gjer det dei kan for å gjere det fint å bu i distrikta, og eg trur det er veldig viktig. Me vil jo ikkje at alle skal bu i Oslo heller.
Korstog mot kommunister
Tjen folket-talsperson Henrik Ormåsen tilbakeviser uheldig samanblanding mellom Tjen folket og SOS rasisme, og angrip samstundes Dagbladet og journalist Eiliv Flydal.
Ormåsen skriv blant anna at Dagbladets reportere har brukt mye energi på å fabrikere løgner om at jeg og andre kommunister bruker SOS Rasisme for å skaffe oss materielle goder. Dette til tross for at topplønn i SOS Rasisme er nesten halvparten av deres egen lønn.
Det er kanskje sant, men ein årslønn på 300 000 kr. i ein friviljug organisasjon synast eg er mykje.
Askeskyen nærmere Norge i kveld
Eg skal på jobb i morgon, og kjærasten skal ha eksamen. Me skal ta fly frå Stavanger til Oslo i kveld. Gå vekk, askesky!
Gratis sirkustelt?
Ein kan ikkje gjere noko anna enn å elske ungdomsnemnda til Experience 2010, som sender meir enn tredve e-post på ein halvtime om kjempefine Finn-annonsar. Sirkustelt på Experience hadde vori fint, kva?
Radioresepsjonen på Rockefeller
Då Radioresepsjonen tok over for Are og Odin i 2006 fekk fleire dei e-postar frå misnøgde lyttarar av sistnemnte. I dag har dei opparbeida seg ein kultstatus som gjer at dei enkelt selde ut to førestillingar på Rockefeller der dei saman med Kringkastingsorkesteret spelte, ja, jinglane sine. Dei som skal overta for RR på radioflaten får ingen enkel oppgåve.
Kjem du på Experience 2010?
I dag er det 280 påmeldte på Experience 2010, og rundt 170 av desse har meldt seg på Active-campen som Juvente er ansvarleg for å arrangere. Me i leirnemnda gler oss stort, og vonar at du òg vil melde deg på. Om du treng meir informasjon, kan du laste ned fyrste nummer av leiravisa The Daily Experience, som var med som bilag i siste nummer av MOTIV.






Siste kommentarar