1 0 Taggarkiv: media
post icon

SOS Rasisme får dobbel driftsstøtte

Her har faktisk SOS rasisme heilt rett, Utrop koker suppe på ein spiker. Larsen har rett i at Juvente òg får dobbel driftsstøtte, og det er heilt lovleg det.

Skriv ein kommentar
post icon

Misforstått av Dagsavisen

Eg er veldig glad i Dagsavisen. Spesielt likar eg å like dei politiske kommentarane til sjefsredaktør Arne Strand. Difor var eg veldig glad då Dagsavisen for ei stund attende kom med nye nettsider, som blant anna ga deg RSS-straum for enkeltforfattarar.

Men diverre er det slik at artiklar som dette har dukka opp i RSS-lesaren min i det siste. Artiklar som reklamerer for korleis du kan lese dagens leiarteig og hovudkommentator i papirutgåva av Dagsavisen.

Dagsavisen er ein so liten avis, at dei ikkje kjem i nærleiken av å matche til dømes Aftenposten.no som nyhendenettstad. Difor bør dei køyre ut på nett det dei har av godt innhald Og ikkje prøve å bruke nett til å selje fleire papirutgåver. Det fungerer berre ikkje.

Skriv ein kommentar