1 0 Taggarkiv: meg
post icon

Scene frå eit sambuarskap

Liv: Eg hikkar *hikk*
Stian: UURÆÆÆAH! *veivar med armane*
Liv: …
Stian: Orsak.
Liv: …eg har stoppa å hikke

Fram til i dag trudde me båe at skremming som middel for å stoppe hikke berre var tull.

Skriv ein kommentar
post icon

Langpermisjon i bilete

I førre veke og litt før det hadde eg langpermisjon på Sjernarøy. Her er nokre av bileta eg tok. (mer…)

Skriv ein kommentar
post icon

Norsk distriktspolitikk på det beste

I førre veke var eg hjå familien til kjærasten min på Sjernarøy, som er ei øygruppe i Rogaland beståande av sju øyer. Medan eg var der vart Sjernarøybrua opna med stort ståhei. Brua gjer at no har seks av sju øyer bruforbinding med kvarandre. Prosjektet var finansiert utelukkande med fylkeskommunale middel og hadde ein prislapp på 150 millionar kroner. Det er ikkje tvil om at den nye brua vil ha stor betydning for den lille øygruppa.

I går var eg på møte med Kreativ strek i Fagernes, på vegne av Juvente. For å spare tid, og slippe å sitje på buss tri timar kvar veg, tok eg fly frå Gardermoen til Fagernes lufthavn. Det viste seg at eg var den einaste passasjeren. På flyet var det berre to pilotar, ei flyvertinne og meg. Turen tok 25 minutt, og på lufthaven i Fagernes (som dei lokale kallar “himmelske freds plass”) venta “flybussen” på meg, ein taxi. Både flybilletten og taxituren kosta langt under det som kan vere kostpris.

Noreg gjer det dei kan for å gjere det fint å bu i distrikta, og eg trur det er veldig viktig. Me vil jo ikkje at alle skal bu i Oslo heller.

Skriv ein kommentar