Kva skjedde med privat eigendomsrett…?
Aass Bryggeri får ølhjelp fra statsråd
Jens Stoltenberg som regjeringssjef slit med å få statsråda til å fylgje alkoholpolitikken til regjeringa. Enda eit “laus kanon”-utspel frå Trond Giske, som skuffar særs.
Oslo trekker seg fra e-valg-forsøket
Oslo kommune trekk seg frå e-valforsøket. Dei borgarlege partia har kanskje forstått at alkoholpolitikken deira er heilt bak mål?
Norsk distriktspolitikk på det beste
I førre veke var eg hjå familien til kjærasten min på Sjernarøy, som er ei øygruppe i Rogaland beståande av sju øyer. Medan eg var der vart Sjernarøybrua opna med stort ståhei. Brua gjer at no har seks av sju øyer bruforbinding med kvarandre. Prosjektet var finansiert utelukkande med fylkeskommunale middel og hadde ein prislapp på 150 millionar kroner. Det er ikkje tvil om at den nye brua vil ha stor betydning for den lille øygruppa.
I går var eg på møte med Kreativ strek i Fagernes, på vegne av Juvente. For å spare tid, og slippe å sitje på buss tri timar kvar veg, tok eg fly frå Gardermoen til Fagernes lufthavn. Det viste seg at eg var den einaste passasjeren. På flyet var det berre to pilotar, ei flyvertinne og meg. Turen tok 25 minutt, og på lufthaven i Fagernes (som dei lokale kallar “himmelske freds plass”) venta “flybussen” på meg, ein taxi. Både flybilletten og taxituren kosta langt under det som kan vere kostpris.
Noreg gjer det dei kan for å gjere det fint å bu i distrikta, og eg trur det er veldig viktig. Me vil jo ikkje at alle skal bu i Oslo heller.






Siste kommentarar