Liv: Eg hikkar *hikk*
Stian: UURÆÆÆAH! *veivar med armane*
Liv: …
Stian: Orsak.
Liv: …eg har stoppa å hikke
Fram til i dag trudde me båe at skremming som middel for å stoppe hikke berre var tull.
Liv: Eg hikkar *hikk*
Stian: UURÆÆÆAH! *veivar med armane*
Liv: …
Stian: Orsak.
Liv: …eg har stoppa å hikke
Fram til i dag trudde me båe at skremming som middel for å stoppe hikke berre var tull.
I går var eg på kretsårsmøtet til Oslo, Akerhus og Østfold krets av Juvente. I utgangspunktet var eg innstilt som leiar, noko eg hadde litt blanda kjensler om, hovudsakleg fordi det var særs vanskeleg for valnemnda å få på plass eit nytt styre. Men på kretsårsmøtet kom det mange ny kandidatar, og eit styre på seks personar er på plass.
Det nye kretsstyret
Kretsleiar Hilde Thoresen, Juvente Ås
Kasserar Magnus Danielsen, Oslo Juvente
Sekretær Stian Seland, Oslo Juvente
FRISTIL-ansvarleg Kristin Halland Sandbæk, Juvente Son
Styremedlem Eva Fuglevaag, Oslo Juvente
Styremedlem Vigdis Halland Sandbæk, Juvente Son
Den nye valnemnda
Leiar Stig Johan Berggren, Oslo Juvente
Christine Hilsen, Juvente Son
Heidrun Ullerud, Juvente Ås
I førre veke og litt før det hadde eg langpermisjon på Sjernarøy. Her er nokre av bileta eg tok. (mer…)
Eg er veldig glad i Dagsavisen. Spesielt likar eg å like dei politiske kommentarane til sjefsredaktør Arne Strand. Difor var eg veldig glad då Dagsavisen for ei stund attende kom med nye nettsider, som blant anna ga deg RSS-straum for enkeltforfattarar.
Men diverre er det slik at artiklar som dette har dukka opp i RSS-lesaren min i det siste. Artiklar som reklamerer for korleis du kan lese dagens leiarteig og hovudkommentator i papirutgåva av Dagsavisen.
Dagsavisen er ein so liten avis, at dei ikkje kjem i nærleiken av å matche til dømes Aftenposten.no som nyhendenettstad. Difor bør dei køyre ut på nett det dei har av godt innhald Og ikkje prøve å bruke nett til å selje fleire papirutgåver. Det fungerer berre ikkje.
I førre veke var eg hjå familien til kjærasten min på Sjernarøy, som er ei øygruppe i Rogaland beståande av sju øyer. Medan eg var der vart Sjernarøybrua opna med stort ståhei. Brua gjer at no har seks av sju øyer bruforbinding med kvarandre. Prosjektet var finansiert utelukkande med fylkeskommunale middel og hadde ein prislapp på 150 millionar kroner. Det er ikkje tvil om at den nye brua vil ha stor betydning for den lille øygruppa.
I går var eg på møte med Kreativ strek i Fagernes, på vegne av Juvente. For å spare tid, og slippe å sitje på buss tri timar kvar veg, tok eg fly frå Gardermoen til Fagernes lufthavn. Det viste seg at eg var den einaste passasjeren. På flyet var det berre to pilotar, ei flyvertinne og meg. Turen tok 25 minutt, og på lufthaven i Fagernes (som dei lokale kallar “himmelske freds plass”) venta “flybussen” på meg, ein taxi. Både flybilletten og taxituren kosta langt under det som kan vere kostpris.
Noreg gjer det dei kan for å gjere det fint å bu i distrikta, og eg trur det er veldig viktig. Me vil jo ikkje at alle skal bu i Oslo heller.
I dag er det 280 påmeldte på Experience 2010, og rundt 170 av desse har meldt seg på Active-campen som Juvente er ansvarleg for å arrangere. Me i leirnemnda gler oss stort, og vonar at du òg vil melde deg på. Om du treng meir informasjon, kan du laste ned fyrste nummer av leiravisa The Daily Experience, som var med som bilag i siste nummer av MOTIV.
Siste kommentarar